Vi veit vi er i grenseland for kva jorda toler, og overgangen til berekraftige løysingar går for seint. Det er krig i Europa, det er krig i Midtausten, og propaganda og polarisering splittar folk og nasjonar. Her heime verkar ein usynleg fiende: Resignasjon. Resignasjon får flinke folk til å gje opp og gir dei kompromisslause makta.
Det er tid for å hente fram rebellane blant oss, dei som BÅDE gjer opprør mot urett, OG tek ansvar for å finne ei betre løysing. Vestlandskonferansen 2024 rettar lyskastaren mot menneske som mobiliserer, som ikkje lar seg lamme av avmakt, og som viser veg mot løysingane Vestlandet og verda treng.