Your browser is out-of-date!

Update your browser to view this website correctly. Update my browser now

×

Finanstilsynet

Seminar om forbrukslån i ei tid med auka økonomisk sårbarheit

27. October, 12:00 - 14:00
Finanstilsynet, Revierstredet 3, Oslo

Finanstilsynet arrangerer eit seminar fredag 27. oktober kl. 12.00 om forbrukslån i ei tid med auka økonomisk sårbarheit blant forbrukararne. Det blir innlegg om den økonomiske situasjonen til forbrukarane, gjeldsproblem, utviklinga i forbrukslån og kva for krav bankane må etterleve.

Bilde: Robin Lund

Mange forbrukarar har den siste tida fått svekt økonomi etter høg inflasjon og auka renteutgifter. Dersom økonomisk sårbare forbrukarar blir freista til å ta opp forbrukslån i møte med auka utgifter, kan dette føre til meir omfattande gjeldsproblem. Forbrukslån utgjer ein liten del av den samla gjelda til hushalda, som er dominert av bustadlån, men rentebelastinga for dei med forbrukslån er høg. Ein betydeleg del av bankkundane har òg i gode tider problem med å betene låna som bankane gir.

Den økonomiske situasjonen understreker kor viktig det er at bankane følger god marknadsføringsskikk, gir god rådgiving og gjer grundige kredittvurderingar. Bankane har eit ansvar for at forbrukarane ikkje får innvilga lån som fører dei inn i økonomiske problem.

Seminaret er for inviterte og for media. Journalistar som ønsker å delta, kan sende ein e-post til: pressevakt@finanstilsynet.no

Seminaret vil bli strømma.

Program:

  • 12.00–12.05
    Introduksjon – seksjonssjef Jo Gjedrem

  • 12.05–12.25
    Forbrukslånsundersøkinga hausten 2023 – seksjonssjef Thea Birkeland Kloster, Finanstilsynet

  • 12.25–12.45
    Dyrtida – det er ikkje over enno – seniorforskar Christian Poppe, SIFO/Oslo MET

  • 12.45–13.05
    Gjeldsproblem og forbrukslån – Alexander Dey, namsfogd i Oslo

  • 13.05–13.25
    Hushalda sin bruk av kredittkjelder – Endre Jo Reite, direktør personmarknaden i BN Bank

  • 13.25–13.45
    Marknadsføring av forbrukslån – underdirektør Marit Evensen, Forbrukartilsynet

  • 13.45–14.05
    Finanstilsynet sine forventingar til bankane – seksjonssjef Jo Gjedrem, Finanstilsynet

Other events